Tekster
-
1. No livnar det i lundar,no lauvast det i li,den heile skapning stundarno fram til sumars tid.
-
2. Det er vel fagre stundernår våren kjem her nord,og atter som eit undernytt liv av daude gror.
-
3. Guds ord vel alltid lyser,den sol gjeng aldri ned.Det hus som Anden hyser,ligg støtt i ljos og fred.
-
4. Du vår med ljose dagar,med lengting, liv og song,du spår at Gud oss lagarein betre vår ein gong,
-
5. då me med vigsla tunge,med kjærleik heil og klår,alt utan brest og sprungeskal lova Herren vår!
-
Tekst: Elias Blix, 1836–1902Musikk: Ludvig M. Lindeman, 1812–1887
- Bok
- Salmebok
- Salmenummer
- 37
- Musikk
- Ludvig M. Lindeman.
- Tekst
- Elias Blix.
- Skriftene
- Salme 74:16–17, Alma 30:44
- Emne
- Jesus Kristus—Skaperen, Naturen, Tilbedelse